Historikk, verdigrunnlag og årsmeldingar

Om Volda Folketeater

Historikk:

 

Volda Folketeater vart stifta 7. januar 2009 på Volda samfunnshus.

 

Volda Folketeater er eit amatørteater for born og ungdom, hovudsakleg basert på frivillig innsats.

 

 

 

Verdigrunnlag:

 

1. Formål:

Volda Folketeater skal drivast på ideelt og ikkje-kommersielt grunnlag.

 

Volda Folketeater sine oppgåver er:

- Å drive teatergrupper for barn, ungdom og vaksne.

- Arrangere teaterframsyningar, opplæring, samkome, kurs og ekskursjonar.

 

 

2. Ideologi:

Volda Folketeater er eit teater for alle, utan hensyn til nasjonalitet, rase, trudomsvedkjenning, samfunnsklasse eller politisk overbevisning. Det skal ikkje drivast noko form for religiøs eller politisk misjonering i Volda Folketeater.

 

I Volda Folketeater prioriterer vi:

- Eit godt og trygt miljø rundt teateraktivitetane: Vi er til stades - på ein ærleg og positiv måte!

- At flest mogleg skal spele teater lengst mogleg: Vi følgjer opp og fokuserer på det positive!

- Utvikling av teaterferdigheiter - også i breidda: Vi har plass til alle!

- Eit inkluderande miljø, som betyr eit tilbod tilpassa alder, ferdigheiter og ambisjonar!

 

 

3. Dette er forventa av dei ulike aktørane:

 

Instruktørar og assistentar

- Verdsetje og sjå alle skodespelarane

- Positiv og konstruktiv rettleiing

- Nulltoleranse for mobbing og erting

- Takle fiasko og suksess på ein positiv måte

- Gje borna moglegheit til å oppleve meistring

- Vere med å skape eit godt og inkluderande miljø

 

Foreldre/føresette

- Stille opp på framsyningar, årsmøte og dugnad

- Bidra der det trengs

- Seie i frå viss dei opplever urettferdigheit

- Prate med/spørre borna om øvingane og oppsettingane

- Sørge for at borna møter presis på øvingar og oppsettingar

- Takle fiasko og suksess på ein positiv måte

 

Skodespelaren

- Vanleg folkeskikk

- Mobbing og erting er forbode (vere grei)

- Inga banning eller kjeftbruk

- Lære å takle fiasko og suksess på ein positiv måte

 

 

Volda, januar 2009

Årsmeldingar:

Årsmelding for Volda Folketeater, 2012-2013

Volda Folketeater har eit ynskje om å vere ein aktør som produserer teater for born og vaksne. Laget

er samansett av tre barnegrupper; 6 - 8 år (1. - 3. klasse), 9 - 11 år (4. - 6. klasse) og 12 år og eldre

(7. klasse+). Dette teateråret hadde vi 38 aktive deltakarar ved oppstart. Styre- og støttemedlemer

kjem i tillegg.


Siv Tone Myklebust og Birgit Berg har vore instruktørar dette året. Dei har samarbeidd om

gruppene, men Birgit har hatt hovudansvar for dei yngste, og Siv Tone for dei to eldste gruppene.


Øvingstid har vore mandagar på Volda Samfunnshus. Dei yngste kl. 17.30 – 18.30, og dei to eldste

gruppene kl. 18.30 – 20.00.



Juleforestilling: «Det nedsnødde tivoliet» og «Ei juleforteljing»

Mykje dugnadsarbeid låg bak øvingshelga 1. - 2. desember, og forestillinga 3. desember.


Forestillinga hadde blitt godt annonsert, og det kom mykje publikum. Likevel vart ikkje

forestillinga optimal, m.a. grunna tekniske problem med lydutstyr. Borna var heller ikkje trygge på

bruk av mikrofonar og lydutstyr, og dei yngste hadde fått for lite tid til å gjere seg kjende med

stykket. Borna ga likevel tilbakemeldingar på at dei samla sett hadde ei positiv oppleving av

forestillinga. Alle hadde hatt det kjekt på scena.


Etter juleforestillinga var det fleire born som slutta, særleg blant dei eldste.



Vårforestilling og våravslutning:

Vi bestemte oss for å halde vårforestillinga innandørs, for å sleppe å bekymre oss for vêret. I tillegg

ynskte vi å unngå dei tekniske problema frå juleforestillinga, så vi valde å bruke området framfor

scena for å vere nærare publikum. På den måten kunne vi unngå bruk av mikrofonar og lydanlegg. I

staden for å sette opp ei større forestilling, valde vi no å legge lista litt lågare, og kun invitere

familiane til borna. Målet var at borna skulle ha det kjekt på scena og føle seg trygge i rollene, og at

publikum skulle få ei triveleg stund.


13. og 14. april hadde vi øvingshelg, og ny runde med dugnadsarbeid. Det blei sydd kostyme,

sminka, baka, rigga, rydda og anna praktisk hjelp.


6. mai hadde vi kombinert vårforestilling og våravslutning. I staden for å ha kiosk, hadde alle

familiane med seg mat og drikke til felles langbord etter forestillinga. Dette blei ein triveleg kveld

for alle! Dei eldste framførte «Ikkje alltid greit å vere ulv og geit», dei yngste framførte «Gryta som

ikkje ville stoppe å koke».



Prosjektmidlar og tilskot:

Michele har sendt mange søknader for teateret, og fått støtte til m.a. oppgradering av lys- og

lydutstyr. Elisabeth har nyleg vore på kurs i «korleis skrive søknader til fond og stiftelsar», og vil ta

over arbeidet med søknadsskriving for komande sesong.



Øvingslokale:

Til no har vi brukt lokala på samfunnshuset gratis, men vi har fått tilbakemeldingar om at dette kun

er «inntil vidare». Vi har difor vurdert andre alternativ frå komande sesongoppstart. Vi kjem

muligens til å ha Uppheim som fast øvingsstad frå januar 2014, då vi har fått eit godt tilbod frå dei.



Instruktørsituasjonen:

Siv Tone Myklebust har flytta til Oslo, så vi måtte finne ny hovudinstruktør til teatergruppa. Vi fann

ingen aktuelle som kunne starte opp no i haust, men frå nyttår stiller Tone Rustestuen Aarhus som

instruktør, og Anette Øverland som assistent. Begge er engasjerte damer som har lang erfaring med

teaterarbeid, og dette vil gi eit positivt løft for teateret. Birgit Berg held fram som hovudinstruktør

for dei yngste, og vil samarbeide med Tone og Anette.



Teaterkurs:

Vi arrangerer teaterkurs for born og ungdom frå seks til 16 år på samfunnshuset den 16. og 17.

november. Tone, Birgit og Anette er instruktørar, og vi i styret (gamle og nye) stiller med praktisk

hjelp.



Styret 2012-13:

Ann Christin Andersen (leiar, medlemskontakt, heimeside)

Michele Tharaldsen Hoggen (nestleiar, kasserar)

Christine Eikrem (sekretær, kostyme/rekvisittar)

Elisabeth Rekkedal Aasen (sekretær, kostyme/rekvisittar)

Tommy Giil (teknisk)

Ann Charlotte (Humberset) Fiskerstrand (styremedlem/diverse)

Jan Helge Nilsen (styremedlem/diverse)

Magnus Kvernberg (vara)

Kristin Granseth-Ervik (vara)



For Volda Folketeater

Elisabeth Rekkedal Aasen

Årsmelding for Volda Folketeater 2013-2014

Volda Folketeater har et ønske om å være en aktør som produserer teater for barn og voksne. Laget er sammensatt av tre barnegrupper; 6 – 8 år (1. - 3. klasse), 9 – 11 år (4. - 6. klasse) og 12 år og eldre (7. klasse+). Dette teateråret hadde vi 25 aktive deltakere ved oppstart. Styre- og støttemedlemmer kommer i tillegg.


Birgit Berg, Anette Øverland og Tone Rustestuen Aarhus har vært instruktører dette året. Der vi har delt opp i 3 grupper med Birgit ansvarlig for de fra 1-3 klasse, Anette for 4-6 klasse og Tone for 7 klasse og oppover til 18 år.

Øvings tider har vært på mandager på Volda Samfunnshus. De yngste kl. 17.30 – 18.30, de mellomste 18.30-20.00 og den eldste har vært fra 19.00-20.30.


Teaterkurs

I november var det kurs en lørdag og en søndag der nesten 30 barn og unge fra 6 til 16 år var samla.  Temaet var: «Å bygge teater». Deltakerne fikk møte de tre instruktørene og ble delt inn i aldersgrupper som hver på sin plass «bygde teater». En viktig del av være med på teater er å bli trygg på seg selv og trygg på de en er samen med. Gjennom lek, improvisasjon og ulike utfordringer, jobba instruktørene godt og målretta mot å skape trygge, samarbeidende deltakerer. Mange av deltakerne syns ikke det var nok med ei helg og ville gjerne starte på teater øvinger med en gang. Teatergleden og entusiasmen som barna viste denne helga, vitner om et teatermiljø i Volda som har god grobotn for videre vekst.


Forestillinger

Siden vi ikke startet opp før i januar dette teateråret så bestemte vi oss for ikke å gjennomføre noen forestillinger. Men rette fokuset på at barna skulle ha det kjekt å lære diverse teaterteknikker, Og videre førte teamet «bygge» teater , som vi brukte på teaterkurset i November.


Øvingslokale:

Vi har vurdert å bytte øvingslokale men bestemt oss, etter vurderinger å fortsatt holde oss på Samfunnshuset i Volda. Da alternativ ikke er særlig mye bedre, og koster oss en del mer i leie. Samfunnshus er gratis frem til vi får andre og spesifikke tilbakemeldinger fra Volda kommune.


Instruktørsituasjon:

Birgit Berg gir seg etter mange års tro tjeneste. Anette flytter hjem til Drammen og skolegang i Oslo fra høsten. Tone ønsker å bli videre noe vi setter pris på.

Så dette er noe det nye styret må ta tak i før vi starter opp igjen til høsten.


Styret 2013-2014:

Magnus Kvernberg (leder)

Yngve Vadstein (nestleder)

Elisabeth Rekkedal Aasen (kasserer, sekretær)

Birgit Berg (kostyme og rekvisita)

Lisbeth Varpe (kostyme og rekvisita)


For Volda folketeater

Magnus Kvernberg

Årsmelding for Volda Folketeater 2014-15

Årsmøtet blir halde i salongen på Volda samfunnshus, mandag 23. november 2015 kl. 20.00.


Volda Folketeater blei stifta i 2009, og har eit ynskje om å vere ein aktør som produserer teater for born og vaksne. Laget er samansett av tre grupper: gruppe 1 (1. - 4. klasse), gruppe 2 (5. - 7. klasse) og gruppe 3 (8. klasse – 3. vgs/19 år.). Teateret hadde 26 medlemer hausten 2014, og 21 medlemer våren 2015.



Instruktørar for gruppene denne sesongen, var Julie Johansen, Julie Christensen Valla og Tone Rustestuen Aarhus. Julie J. har erfaring som teaterinstruktør frå tidlegare, og Julie V. gjekk siste året på dramalinja på høgskulen. Tone jobba også som instruktør innan drama og song for kulturskulen i Herøy. I tillegg stilte Tobias Fosheim Wienskol som sjukevikar for gruppe 1 og 2. Han har også instruktørerfaring frå tidlegare.


Alle tre instruktørane slutta i sommar då teatersesongen var over. Julie J. og Julie V. flytta frå Volda då studieåret var omme og Tone tok til som leiar for ungdomsklubben i Volda, i tillegg til kulturskulearbeid og eigne babysongkurs.


Før dei slutta som instruktørar, sette Julie V. og J. oss i kontakt med Tuva og Linn som no er instruktørar i gruppe 1 og 2.



Øvingslokale: Like før oppstart fekk vi vite at vi ikkje lenger kunne halde til i salongen i 2. etasje på samfunnshuset, då ungdomsklubben skulle få fast tilhaldsstad der. Etter litt leiting, fekk vi bruke aulaen på Volda ungdomsskule som øvingslokale. Aulaen var stor og luftig, men det vart litt vanskeleg å halde dei yngste gruppene samla under øvingane, og der var noko kjølig på vinterstid. Der var også nokre tilsette som brukte kveldane til kontorarbeid, og nokre av desse vart uroa av lyden frå øvingane. Vi fekk ikkje direkte tilbakemelding om dette, men då vi skulle starte opp att med øvingane hausten 2015, fekk vi brått beskjed om at vi ikkje lenger fekk ha øvingane der. Dermed måtte vi i all hast finne nye øvingslokale. Heldigvis ordna det seg slik at vi fekk kome «heim» til samfunnshuset att!



Styret blei brått endra då styreleiaren flytta til Ålesund for å gå skule hausten 2014.

Vi hadde fått med oss to nye medlemer, Arja og Elena, og måtte byte litt om på oppgåvene. Slik blei det til slutt:

Elisabeth Rekkedal Aasen (leiar, referatskrivar, medlemskontakt, heimeside)

Yngve Vadstein (nestleiar, teknisk)

Arja Hietanen (kasserar, kontaktperson mtp. øvingslokala)

Lisbeth Varpe (kostyme, rekvisita)

Elena Lavrova (kostyme, rekvisita)

Verving av nye medlemer: Vi  hadde stand nede i gata laurdagen før oppstart. Vi fekk låne bord på Cubus, og utkledde medlemer (og mødre i sivil) selde kaker, saft og kaffi, og delte ut flygeblad med informasjon om teateroppstart. Det er uvisst kor mange nye medlemer vi fekk, men vi fekk i alle fall gjort teatertilbodet kjent for litt fleire.



Lagerplass: Då ungdomsklubben tok over salongen i 2. etasje, fekk vi beskjed om at vi måtte flytte lageret vårt, som var i eit av bakromma der. Etter avtale med vaktmeisteren på huset, fekk vi bruke den eine garderoba under kinosalen som lager. Styret fekk flytta alt ned dit på dugnad, og dei største tinga, nokre store skjermar til skuggeteater, står plassert bak stolradene i kinosalen. På lageret har vi lys- og lydutstyr, noko rekvisita, sminke, ein del kostyme og nokre stoffrullar.



Innkjøp: Det vart kjøpt ein liten, oppladbar høgtalar til mobiltelefon, «Music Angel», som instruktørane kunne bruke under øvingane.



Kontingenten: vi slepp å betale husleige til Volda kommune, men har utanom dette inga form for økonomisk støtte frå noko hald. Kontingenten er einaste inntekta vi har, utanom det vi får inn ved kakesal og eventuelt loddsal. Utgiftene våre er løna til instruktørane og forbruksmateriell til øvingar og framsyningar. Kontingenten går i si heilheit til å dekke desse utgiftene. Dei siste sesongane har vi i tillegg måtta bruke av tidlegare oppsparte midlar for å dekke utgiftene. Vi har vurdert alternative måtar å auke inntektene på, men har ikkje ynskt å pålegge foreldra å selge produkt som dopapir, tørkerullar, kjeks eller snop. Dei siste åra har ikkje instruktørane ynskt å ha noka større forestilling, og dermed har vi verken fått inntektene eller utgiftene som høyrer med.

Vi har fått tilbakemeldingar på at kontingenten på 1000,-/1300,- pr. semester er for høg. Samanlikna med andre fritidsaktiviteter i kommunen er den ikkje det. Vi har heller ikkje belasta foreldra med dugnader og mange ekstraoppgåver, men heller ordna det internt i styret. Vi har høve til å sende søknader til stiftelser og legat, men for å gjere dette må vi ha konkrete prosjekt som kan dokumenterast. Planlagde framsyningar der vi kan ta inngangspengar, eller framsyningar for særskilde grupper er difor viktig for å kunne auke inntektene til teateret.

Ei viktig oppgåve for det nye styret er å finne ut korleis vi kan betre økonomien i teateret. Større eller fleire framsyningar vil kreve meir dugnadshjelp frå foreldre, og meir arbeid for instruktørar og styre. Vi må finne ut kor stor innsats vi vil gjere som foreldre og styre for å få eit betre teatertilbod.



Loddbøker: Før jul selde vi tre loddbøker for å spe på inntektene til teateret. Gevinstar fekk vi frå ulike butikkar i Volda og Ørsta. Desse vart trekte og annonserte på juleavslutninga.



Juleavslutninga for gruppe 1 og 2 tok Julie J. og Tobias seg av. Gruppene framførte stykka sine for familie og venner, og i pausen mellom framsyningane, selde vi kaker, saft og kaffi, og annonserte vinnarane frå loddbøkene.

Gruppe 3 hadde juleavslutning heime hos Tone, utan noka framsyning.



På vårparten dreia øvingane seg om avslutningsforestillingane. Kvar gruppe hadde si eiga forestilling.

Gruppe 1 hadde ein halvtimes framsyning for familiane sine i aulaen 18. mai.

Gruppe 2 hadde framsyninga si for familie og venner i dei nye lokala til Volda folkebibliotek. Der serverte vi sveler, kaffi og saft etter framsyninga.

Gruppe 3 måtte utsette framsyninga si litt, då mange av elevane i gruppa hadde eksamenar på denne tida. Dei hadde gratis framsyning på biblioteket om føremiddagen laurdag 13. juni, og selde bollar, saft og kaffi etter forestillinga. Stykket deira heitte «Når to er sinte på hverandre», av Tor Åge Bringsværd.



Styret for 2015-16:

Yngve går ut av styret no. Elisabeth og Arja blir med vidare som styremedlemer, Lisbeth og Elena vil vere varamedlemer det komande året.


Det nye styret blir slik:

Elisabeth Rekkedal Aasen

Arja Hietanen

Oddhild Harman

Oddbjørn Nygård

Lisbeth Mehl Romestrand

Ragnhild Oterholm

Monica Hånes

Jarle Hånes

Lisbeth Varpe (vara)

Elena Lavrova (vara)


For Volda Folketeater

Elisabeth Rekkedal Aasen

Årsmelding for Volda Folketeater 2015-16

Årsmøtet vert halde på Volda Folkebibliotek onsdag 9. november 2016 kl. 19.00.

 

Volda Folketeater blei stifta i 2009, og har eit ynskje om å vere ein aktør som produserer teater for born og vaksne. Laget er samansett av tre grupper: gruppe 1 (5 år - 4. klasse), gruppe 2 (5. - 7. klasse) og gruppe 3 (8. klasse – 3. vgs/19 år.). Teateret hadde 23 medlemer både hausten 2015 og våren 2016. I tillegg hadde vi nokre «prøvemedlemer» som slutta etter nokre øvingar.

 

Instruktørar for gruppene denne sesongen, var Linn Auganes, Tuva Billing og Kent Sæterøy. Alle hadde tilknyting til dramalinja på Høgskulen, to gjekk siste året på dramalinja, den tredje underviste på Høgskulen.

Dei tre instruktørane slutta i sommar då teatersesongen var over. To flytta frå Volda, og ei byrja å dagpendle til Ålesund.

Etter oppstart hadde instruktørane i gruppe 1 og 2 ein dugnad på kostymelageret. Dei handla inn fleire plastkasser med lok, og sorterte m.a. kostyme, masker, klede, rekvisita og lys- og lydutstyr. Vi disponerer den eine garderoben på samfunnshuset som lager.

 

Styret:

Elisabeth Rekkedal Aasen (leiar, medlemskontakt, heimeside)

Arja Hietanen (kasserar)

Lisbeth Mehl Romestrand (sekretær)

Ragnhild Oterholm (kostyme og rekvisita)

Oddbjørn Nygård (lys/lyd)

Oddhild Harman (kostyme og rekvisita)

Jarle Hånes (diverse – i praksis lys/lyd)

Monica Hånes (diverse)

 

Vara: Lisbeth Varpe og Elena Lavrova

 

Styret er registrert i Brønnøysundregistra, og signert kopi av forrige årsmelding er sendt inn.

 

 

 

Kontingenten: vi slepp å betale husleige til Volda kommune, men har utanom dette inga form for fast økonomisk støtte frå noko hald. Kontingenten er einaste inntekta vi har, utanom det vi får inn ved kakesal og eventuelt loddsal. Utgiftene våre er løna til instruktørane og forbruksmateriell til øvingar og framsyningar. Kontingenten går i si heilheit til å dekke desse utgiftene. Vi har vurdert alternative måtar å auke inntektene på, men har ikkje ynskt å pålegge foreldra å selge produkt som dopapir, tørkerullar, kjeks eller snop.

Vi har av og til fått tilbakemeldingar om at kontingenten på 1 000,-/1 300,- pr. semester er for høg. Samanlikna med andre fritidsaktiviteter i kommunen er den ikkje det. Vi har heller ikkje belasta foreldra med dugnader og mange ekstraoppgåver, men heller ordna det internt i styret.

Vi har høve til å sende søknader til stiftelser og legat, men for å gjere dette må vi ha konkrete prosjekt som kan dokumenterast. Planlagde framsyningar der vi kan ta inngangspengar og selge mat og drikke i pausen, eller framsyningar for særskilde grupper er difor viktig for å kunne auke inntektene til teateret.

 

Juleavslutning: Gruppe 1 og 2 hadde juleavslutning med kvar si forestilling den 7. desember. Gruppe 1 framførte «Den vesle bygda som venta på jul», og gruppe 2 hadde ein versjon av «Snikker Andersen», dvs. «Snikkerinne Andersen».

I pausen mellom stykka selde vi mat og drikke. Foreldre og styret stilte med kaker etc. for sal, og med praktisk hjelp. Overskotet blei kr. 1 086,-

Ragnhild skreiv referat frå juleavslutninga til gruppe 1 og 2 i avisa Møre, med håp om litt reklame for teateret, og dermed fleire påmeldingar. All kontaktinformasjon blei dessverre sletta i redaksjonen før innlegget kom på trykk.

Gruppe 3 hadde ikkje juleforestilling i 2015.

 

I januar fekk vi telefon frå rektor ved kulturskulen i Volda. Han hadde nettopp høyrt om teateret, og lurte på om det var aktivt, og kva aldersgrupper vi hadde tilbod til. Han hadde høyrt at kulturskulen i Ørsta hadde oppretta teatertilbod, og tenkte at dette burde finnast også i Volda. Då han fekk vite om tilbodet vårt, sa han at dei ikkje ville starte med konkurrerande aktivitet i kulturskulen.

 

Inntekter: For å auke inntektene til teateret, var planen å sende ut mange søknader til fond og legat. Planen stoppa dessverre med tanken, men vi fekk kr. 1 000,- i kulturmidlar frå Ørsta kommune, vi fekk støtte til å kjøpe parykkar for nærare 3 000,- frå ungdomspanelet til Møre og Romsdal Fylkeskommune, og vi fekk 2 000,- i gåvemidlar frå Sparebank1 Søre Sunnmøre i mai.

I april viste budsjettet at vi ville gå i omtrent 20 000,- i minus. Kontingenten ville ikkje dekke lønsutgiftene. Vi bestemte oss difor for å prøve å spe på inntektene med sal av lodd på bok.

 

 

Loddbøker: I mai delte vi ut loddbøker til alle medlemene i gruppe 1 og 2, pluss nokre i styret. Dette blei delvis suksess, men seinare vil vi dele ut færre bøker, og heller byte på å selge dei. Eit par av bøkene vi fekk inn var det selt så lite lodd på, at pengane ikkje dekte kostnaden for bøkene.

Vi fekk kinobillettar frå Volda filmteater som vi trekte lodd om blant dei som selde ut bøkene sine. Gevinstane i lotteriet samla vi inn frå bedrifter i Volda og Ørsta. Vi selde litt over 1/3 av lodda, og overskotet frå lotteriet kom på 15 253-

 

På vårparten dreia øvingane seg om avslutningsforestillingane.

Gruppe 3 hadde forestilling i øvingslokala mandag 11. april. Dei framførte stykket «Super» av Knut Nærum. Det var gratis inngang, og vi selde mat og drikke i pausen. Instruktøren hadde fått låne stillas på Rokken for å bygge opp eit lite amfi til stolane. Dette fungerte kjempebra, alle fekk både sjå og høyre, også på bakerste rad. Coop Byggmix Volda sponsa oss med to bokser maling. Inntektene frå matsalet kom på 1 635,-

Gruppe 1 og 2 planla forestilling mandag 23. mai, og instruktørane vurderte å ha ei pensjonistforestilling dagen før. Vi søkte om prosjektpengar frå Sparebank1, men fekk ikkje støtte til dette, så det blei skrinlagt. Forestillinga «Bursdag og andre overraskelser» blei halden i øvingslokala, og denne gongen selde vi billettar der mat og drikke inngjekk i prisen. Vi fekk dessverre ikkje lånt stillas til stolane denne kvelden. Overskotet blei på 3 050,-

 

I juni blei det oppretta ny heimeside til teateret, den gamle hadde vore ute av drift i 1,5 år. Adressa er den same som før, www.voldafolketeater.no No fungerer både påmeldingsskjema og kontaktskjema.

 

Styret for 2016-17:

Arja, Ragnhild, Oddbjørn , Oddhild og Monica går ut av styret no, i tillegg til varamedlemene Lisbeth V og Elena. Elisabeth, Lisbeth MR og Jarle blir med vidare som styremedlemer.

 

Det nye styret blir slik:

Elisabeth Rekkedal Aasen

Lisbeth Mehl Romestrand

Jarle Hånes

Magnar Sunde

Elin Pedersen

Thomas Stafne Amundsen

Ingvild Anna Løset

For Volda Folketeater, Elisabeth Rekkedal Aasen

Årsmelding for Volda Folketeater 2016/17 og 2017/18

Årsmøtet vert halde på Volda Folkebibliotek, onsdag 12. desember 2018 kl. 19.00.

 

 

Volda Folketeater blei stifta i 2009, og har eit ynskje om å vere ein aktør som produserer teater for born og vaksne.

Årsmøtet i fjor blei dessverre gløymt grunna manglande aktivitet i teateret på det tidspunktet, så denne årsmeldinga inkluderer begge skuleåra.

 

Sesongen 2016/17:

Hausten 2016 hadde vi tre grupper. Gruppe 1 og 2 øvde i lag, desse gjekk i 1. til 7. klasse. Gruppe 3 var elevar frå ungdomsskule og vidaregåande skule. Gruppe 1 hadde to medlemer, gruppe 2 hadde elleve medlemer, og gruppe 3 hadde åtte medlemer.

 

 

Instruktørar var Stine Lovise Rakkenes og Silje Kristine Jacobsen Olsen for gruppe 1 og 2, og Maria Amundsen for gruppe 3. Alle instruktørane var tilknytte dramalinja ved høgskulen.

 

 

Kontingenten var uendra, dvs. 1300,- per medlem per semester.

 

 

Gruppe 1 og 2 framførte forestillinga «Frost» i desember 2016, og ungdomsgruppa framførte «Scrooge – en julefortelling».

 

 

Våren 2017 slo vi saman gruppe 1 og 2 til «Barnegruppa», som no hadde ni medlemer. Gruppe 3 blei til «Ungdomsgruppa», som hadde fem medlemer.

Barnegruppa framførte ei eigenkomponert avslutningsforestilling for foreldre og sysken, og Ungdomsgruppa hadde forestillinga «Ringen», skrive av instruktør Maria. Dette stykket blei seinare framført på korkafé på Bratteberg skule.

 

 

Teateret si framtid: I slutten av sesongen hadde vi eit styremøte der vi diskuterte vegen vidare for teateret. Det er vanskeleg å rekruttere styremedlemer, men vi ynskjer at drifta skal halde fram. Ei løysing kan vere at Volda kulturskule overtek drifta. Epost blei sendt til rektor ved kulturskulen, og han svarte at det var eit interessant og aktuelt tilbod, men at det var lite aktuelt for skuleåret 2017. Han ynskte å ta det opp med kommunen utpå hausten.

 

Gåvemidlar: vi fekk tildelt 2000,- i gåvemidlar frå Sparebank1 Søre Sunnmøre i slutten av mai, og i juni fekk vi tildelt 6125,- i Ungdomsmidlar frå Volda ungdomsråd, til innkjøp av lysutstyr. For pengane kjøpte vi to lyskastarar med lyspærer og nødvendig utstyr.

 

 

Styret for 2016/17 og 2017/18:

Elisabeth Rekkedal Aasen – styreleiar

Magnar Sunde – kasserar

Lisbeth Mehl Romestrand – sekretær

Jarle Hånes – lys- og lydansvarleg

Elin Pedersen – styremedlem

Ingvild Anna Løset – styremedlem

Thomas Stafne Amundsen – styremedlem

 

Styret er registrert i Brønnøysundregistra, og signert kopi av forrige årsmelding er sendt inn.

 

 

Sesongen 2017/18:

Hausten 2017 hadde vi ikkje teaterøvingar. Vi fekk kun éi påmelding til Barnegruppa, og dei som hadde vore med i Ungdomsgruppa tidlegare, melde frå at dei ikkje blei med vidare. I tillegg starta oppussing av kommunestyresalen på samfunnshuset, der vi brukar å ha øvingane. Oppussinga tok tid, så vi fekk ikkje tilgang til lokala der i det heile, hausten 2017.

 

 

På seinhausten blei vi kontakta av høgskulelærar Jon Harman, som lurte på om vi kunne tenke oss å starte opp ei gruppe der ungdom kunne lære å lage sine eigne kortfilmar. To instruktørar tilknytte høgskulen kunne hjelpe til med å regissere, filme og redigere, medan ungdommane sjølve skulle lage manus. Jon Harman ville ha overoppsyn med det heile. Dette var ein ny og spennande tanke, og vi valde å prøve dette som eit alternativ til Ungdomsgruppa. Sidan vi ikkje kunne ha samlingane på samfunnshuset, fekk vi låne musikkrommet til Volda ungdomsskule fram til nyttår.

Vi annonserte oppstart av NettFilm for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule i slutten av oktober. Sidan vi fekk tilbakemelding frå foreldre til tidlegare medlemer om at kontingenten blei for høg for berre åtte samlingar, sette vi den ned frå 1300,- til 800,- denne sesongen. Det var fleire ungdomar innom på øvingane, men berre fem blei faste medlemer. Det var ulike nivå og interesser blant medlemene, mykje grunna aldersforskjellen, og det blei difor vanskeleg å få til felles prosjekt. På avslutninga ga dei eldste tilbakemelding om at dei ikkje kom til å halde fram etter nyttår.

 

 

Våren 2018:

I januar annonserte vi NettFilm berre for ungdomsskuleelevar. Mange var innom på øvingane, men også denne gongen enda vi med fem faste medlemer.

Vi fekk oppstartsmidlar frå Volda kommune, og i tillegg lovnad om Teft-midlar frå Sparebanken Møre.

Sidan vi hadde budsjettert med ti medlemer kvar sesong, og berre fekk med halvparten, avventa vi med innkjøp av kamera og anna teknisk utstyr. Instruktørane brukte eigne kamera, og lånte det dei elles trengde med høgskulen. Viss vi får med fleire medlemer seinare, blir det aktuelt å skaffe dette utstyret då.

15. januar 2018 fekk vi igjen tilgang til øvingslokala på samfunnshuset. Vi starta då opp att med både NettFilm og Barnegruppa. Etter nokre «prøvetimar» sat vi att med sju faste medlemer i Barnegruppa.

 

 

Instruktørar var Ingrid Kristine Sylte og Sophie Hagelund Thon, begge tilknytte dramalinja på høgskulen.

 

 

Rekruttering: I mars sende vi epost til teaterforeldra med spørsmål om dei ville overta drifta av teateret, dvs. stille som styremedlemer, eller om kulturskulen skulle ta over. Ingen var interesserte i å stille som styremedlemer, og dei hadde heller ikkje tenkt at borna skulle vere med på øvingane att til hausten.

Vi annonserte etter styremedlemer på Facebooksidene våre og på heimesida vår. Då sesongen var over, fekk vi beskjed om at Ingrid Kristine som var instruktør i vår, gjerne stilte som styremedlem viss vi med det kunne greie å halde teaterdrifta i gang. Gudrun, som er føresett til to av borna som er med no i haust, melde seg også som styremedlem. Dermed blei det ny teatersesong også i haust. Vegen vidare er like uavklart som tidlegare. Om nok foreldre stiller som styremedlemer framover, kan Volda Folketeater halde fram som før. Neste månad er det ti år sidan teateret blei stifta av frivillige eldsjeler.

 

 

Styret: Lisbeth, Jarle, Elin, Ingvild og Thomas går ut, Magnar og Elisabeth blir med vidare som styremedlemer.

 

 

 

 

For Volda Folketeater, Elisabeth Rekkedal Aasen

.Årsmelding for Volda Folketeater, hausten 2018 og 2019

Årsmøtet vert halde på Volda Folkebibliotek onsdag 15. januar 2020 kl. 18.30.



Volda Folketeater blei stifta i 2009, og har eit ynskje om å vere ein aktør som produserer teater for born og vaksne.

Teateret hadde kun éi aktiv gruppe hausten 2018 og heile 2019; Barnegruppa for 1. - 7. klasse.



Hausten 2018 var Rebekka Aarvik instruktør for barnegruppa. Ho gjekk fyrste året på dramalinja ved høgskulen då. Gruppa hadde att fire medlemar då «prøvetida» var over. Dei hadde juleforestilling for familie og venner på samfunnshuset 17. desember. Manuset til «Peparkaketjuven» hadde Rebekka skrive sjølv, og rollene var tilpassa borna i gruppa.



Voldadagen, 22. september 2018, sat styreleiar og kasserar på stand for teateret i Propellhallen. Vi hadde med filmar og bilete frå teaterdrifta dei siste åra, som vi viste på PC, og i tillegg flygeblad og litt rekvisita frå lageret. Vi fekk ein del merksemd frå unge, lovande, men også frå nokre veteranar innan lokalteater. For fleire var det heilt ukjent at det eksisterte eit barneteater i Volda.



Våren og hausten 2019 var Adrian Moreno instruktør. Han studerer også på dramalinja ved høgskulen. Barnegruppa hadde seks faste medlemar om våren, og fem om hausten.

På sommaravslutninga 3. juni, framførte dei ei revidert utgåve av «Fyrtøyet» av H.C. Andersen. Forestillinga var open for alle interesserte. Grunna vanskeleg manus og mykje omarbeiding nær forestillinga, blei det ikkje selt billettar til forestillinga.

På juleavslutninga 17. desember, framførte barnegruppa ei sjølvskriven forestilling for familie og venner, arrangert av Adrian.



Kontingenten blei auka til 1900,- per medlem frå hausten 2018, og er den same no.



Kulturskulen har vi vore i kontakt med fleire gongar om eventuell overtaking av teaterdrifta. Den tidlegare rektoren der var svært positiv til dette, men dessverre ikkje noverande rektor. Dermed lyt vi halde fram med foreldrestyrt drift også i tida framover. Dei veit i alle fall om at vi er interesserte i eit samarbeid med dei.



Styremøte har det ikkje blitt noko av reint fysisk det siste året, sidan vi har vore så få medlemer. Vi har fått avklart aktuelle tema via Facebookgruppa vår, epost og meldingar.



Styret frå desember 2018:

Elisabeth Rekkedal Aasen – styreleiar

Magnar Sunde – kasserar

Ingrid Kristine Sylte – styremedlem

Gudrun Kløve Juuhl – styremedlem


Styret er registrert i Brønnøysundregistra, og signert kopi av forrige årsmelding er sendt inn.



Ingrid Kristine Sylte gjekk ut av styret i juli 2019, grunna flytting.



Nytt styre vil bli stifta no, samansett av foreldre i teatergruppa.

Gudrun Kløve Juuhl blir med vidare som styremedlem.

Elisabeth Rekkedal Aasen går ut av styret, etter å ha vore medlem sidan hausten 2012.

Magnar Sunde går ut av styret, etter å ha vore medlem sidan hausten 2016.





For Volda Folketeater, Elisabeth Rekkedal Aasen

Copyright @ All Rights Reserved